Berge Furres festtale på SVs landsmøte i 2001

Han rekte meg ein cuja, ei skål med brennheit chimarrao, kvardagsdrykken som gauchoane, folket sør i Brasil, ikkje kan greia seg utan. Vi sat i eit telt av svart jordbruksplast. Han var på min alder. Furene i andletet var djupare, hendene grovare. Slit i fattigdom merker ein kropp. Men augo møtte mine faste og kvasse: «Kan eg få spørja deg om noko?»

Heile dagen hadde eg spurt han så det var ikkje så urimeleg, det ynsket hans. Det var desember. Det var høgsommar. Sveitten rann. Vi køyrde og køyrde. Omsider hadde vi funne fram. Vi såg eit nett av svarte flekkar mot raud jord oppe i ei li. Det kunne sjå ut som Jæren om våren om ikkje jorda hadde vore raud. Så kom vi nærare og såg kva det var. Svarte telt, rad på rad i snorrette liner, telt av svart plast. 650 familiar budde her i 650 brakker av svart plast. 2300 menneske. Vi var hjå Sem Terra, rørsla av dei jordlause i Brasil.

Vi fann møterom under plast, skulehus under plast, demokrati under plast, vaskerom under plast. Og sjølvsagt fotballbane. Vi er i Brasil. 247 born gjekk i «leirskulen». Dei fleste hadde ikkje sett ein lærar før dei kom til Sem Terra. Og skule for dei vaksne: Fyrst lærde dei lesa. Deretter kurs i jordbruk, organisasjon, jordreform, politikk, sosialisme.

Inni telta? Ingen ting. Berre noko klede, nokoslag madrassar, eit trebord, ei bok og ei gruve ved inngangen, murt av stein. To dagar før hadde dei vassa i gjørme da regnet hølja ned. Men no var det turt, ryddig og reint overalt. Ein flokk ungar fylgde oss. Kleda var bøtte mange gonger, men dei var heile og reine: Bortsett frå føtene. Sko var til helgabruk. Men ingen unge tagg.

Folka i leiren venta på det som skulle skje: Ei natt. Lastebiler med dempa lykter. Leiren vart broten på eit par timar. Og så langt unna der dei minst var venta inn på eit storgods som låg brakk opp med telta, fram med hakker og spader. Realisera den jordreform som ein gong var lova. Dyrka jorda til eigen mat inntil godseigarens politi eller dødskvadronane hans kom. I Sem Terras kamp har 1500 fattigbønder mista livet. Eller kanskje kom det juristar som viste til grunnlova at ledig jord skulle takast i bruk. Så fekk dei kanskje ha jorda etter lang tautrekking. Omlag ein kvart million familiar, ein million menneske, bur i busettingar, assentamentos, med jord som Sem Terra har tvinga frå godseigarane. Men nærare hundre tusen familiar bur i leirar av svart plast langs landevegane og ventar på jord.

Kven dei var? Dei var ingen ting. Dei var landarbeidarar som hadde mista jobben på godset. Dei var omvandrande sesongarbeidarar utan fast teneste. Dei var fallerte småbrukarar. Oppsagde fabrikkarbeidarar. Eller dei kom frå slummen, favelas som krinsar kvar einaste by i Brasil med endelause rekker av rønner av papp og blekk og trebitar. Menneske utan vatn, utan kloakk, straum eller adresse. Dei fattigaste av dei fattige. Var dei.

Eg var skeptisk: Henta folk ut av slummen og gjera bønder av dei. Det kan da ikkje gå bra. Eg gjesta fleire busettingar. Det gjekk. Dei tvinga svolten på retrett. Dei produserte meir enn dei åt. Mange dyrka jord i fellesskap. Dei fekk til salskooperativ og bedrifter til å foredla produkta. Dei hadde jamvel to bedrifter for eksport. Og kredittsamvirke.

Dei var ingen ting. No var dei noko. Dei hadde funne sitt menneskeverd. Dei hadde organisasjon. Dei hadde visjonar. Dei hadde jord. Dei hadde ein draum om eit anna Brasil utan storgods, og om ei anna verd.

Eg kom til å minnast fyrste dagen eg var i Brasil. Det enorme demonstrasjonstoget i ausregnet: Dei utstøyttes rop. Grito dos Excluidos: Slumbuarar, jordokkupantar, fagforeiningsfolk, fattigbønder, sosialistar. I ein månad hadde dei gått langs vegane. No kom dei til Porto Alegre og dei søkte ly i ein idrettshall under regnet. Det dundra av musikk og appellar og slagord. Brått stod det fem prestar i ornat på podiet. Eg venta ikkje finna kolleger akkurat der. Dei las messe. Dei las fadervår på ein måte eg aldri hadde høyrt før: Koret av dei mange tusen steig, kvar bøn vart eit kamprop til dei kom til setningen som fekk idrettshallen til å skjelva: «Gjev oss i dag vårt daglege brød!» Eit dundrande kamprop frå ti tusen røyster.

Tilbake i Sem Terra-leiren. Tillitsmannen som spurde: «Kan eg få spørja deg om noko?» «Kva då?» «Kva veit arbeidsfolk i Noreg om oss?» «Ingen ting, trur eg.» «Og kva gjer du med det?» Han rette handa og dei kvasse augo mot meg. Framlegget mitt om artikkel i Aftenposten imponerte ikkje. Så har det blitt meir. Elisabeth fekk til ei utstilling på Landbruksmuseet, der ho arbeider, det kom delegasjonar, intervju i mange aviser, artiklar og etter kvart eit breitt samarbeid mellom Sem Terra og norske organisasjonar i jordbruk og menneskerettar. Mange har teke utfordringa frå Sem Terra her i landet som eit teikn, ei von eit signal. Og no går nokre Norad-millionar dit til prosjekt i utdanning og miljø.

Eg var tilbake i august på landsmøtet til MST i hovudstaden Brasilia. Tolv tusen utsendingar oppover tribunane i ein idrettshall som eit fugleberg. Unge dei fleste. Alle med flagg som for til vers når nokon sa noko vetugt. Tolv tusen. Analfabetar, kanskje berre for eit år sidan mange. Organisasjon kva var det? Før dei røynte Sem Terra. No var dei på kongress. Høyrde foredrag om globalisering, om genmat, om transnasjonale gigantar, om storgodseigarar, som trugar dei på livet, om klasser, om nyliberale makter som femner inkluderer nokre og ekskluderer dei fattige i sør og i nord. Og dei fatta vedtak om strategi, om alliansar, om eit nytt Brasil om «ei anna verd.» For «ei annleis verd er mogleg.»

Dei visste dei hadde mange og gode venner i Noreg. Og brått stod eg skjelvande framfor dei tolv tusen. «Du skal halda opningsforedraget. 30-40 minuttar greier seg, om globalisering, jordbruk og imperialisme», kom ein av leiarane og sa dagen før kongressen opna. For du snakkar jo portugisisk, sa han. Nao, nei, sa eg, «nao falo portugues!» «Vi har vedteke det», sa han med ein smil. «Vi set pris på våre norske vener. Du skal tala». Korleis det gjekk? Eg veit ikkje anna å seia enn at pinseunderet i Jerusalem for knapt to tusen år sidan gjentok seg i ein idrettshall i Brasilia den dagen.

Men kvifor fortel eg dette? Fordi ein festtale skal vera om håp, og MST er i dag håpet for svært mange i Latin-Amerika, som har noko å gje oss. Og fordi møtet med den aldrande arbeidaren i teltleiren vart sitjande i meg så jamvel de her på festen får ta noko av fylgjene. Og fordi MST var ein av dei pådrivande organisasjonane for å få til det store møtet i Porto Alegre i slutten av januar i år. Det sosiale verdsforum, motstykket til Det økonomiske verdsforum, som var i Davos samtidig, der politikarar møtte leiande kapitalistar for å bana vegen for vidare nedvalsing av landegrenser så dei transnasjonale kan bli enda større, få enda vidare spelerom og makt.

Det sosiale verdsforum, ti tusen deltakarar frå tusenvis av grasrotorganisasjonar i 120 land samlast for å reisa motstand mot herrane i denne verda, mot jerntrianglet av WTO, Verdsbanken og Valutafondet, det nyliberale verdsstyret. Motstand mot ei verd av inkluderte og ekskluderte.

Dei litt eldre av oss her i dag er forma av ei tvideling mellom aust og vest. No ser vi denne generasjons tvikløyving mellom dei som er inkluderte i den globaliserande nyliberale økonomien og dei ekskluderte. Det fleirtal av menneska på jorda som det nyliberale herreveldet ikkje har bruk for, småbrukarane, som er den største yrkesgruppa på jorda. Vi gløymer ofte det. Millionane av arbeidslause i byane, slumbuarane som prøver berga livet rundt mest kvar einaste storby, jamvel i mange av Europas byar. Dei fattige, dei fleste på jorda. Dei har dette nyliberale systemet ikkje bruk for der det rasar fram over kloten og legg kultur og tradisjonelt arbeidsliv flatt. Ei kløyvd verd av inkluderte og ekskluderte: Det var det verdsbiletet eg møtte i Brasil. Det grunnleggjande skiljet i verda som etter kvart blir meir og meir synleg.

Det var dei ekskluderte som samlast til forum i Porto Alegre. Ikkje med taparens resignerte sinn, men i gloande framtidstru på at verda er til å forandra: Ei anna verd er mogleg: «Um outro mundo e possivil».

Seattle gav ein enorm stimulans: Ein ny omdreiing på liberaliseringsskruven vart faktisk hindra av demonstrantane i gatene. No samlast dei i Porto Alegre, ikkje for å demonstrera meir, men for å samla splitta krefter og meisla ut alternativ i ein prosess som skal gå gjennom fleire Porto Alegre. Ikkje nei til globalisering, men ei anna globalisering bygd på dei beste ideane i historie og samtid: Menneskeverd og likeverd. «Globaliser kampen, globaliser vona», lydde det frå Via Campesina, småbrukarinternasjonalen. I denne kløyvinga mellom dei ekskluderte og dei inkluderte er det lite mon i å ta midt på treet med noko «tredje standpunkt». Her skulle vi velja side. Gjer vi det? Kan vi det innsausa i norsk politikk der vi skal vera «realistiske» og søkja makt? Medan vi flyt rundt på eit oljefat. Eg trur det er smerten i oss, skal vera smerten i oss.

Dei landlause i MST saman med småbrukarar og landarbeidarar frå Afrika, frå Asia frå Stillehavet dei visste noko som vi kanskje har gløymt: At profitt kan drepa, at kapitalisme er ein maskin for massedrap, at det nyliberale herjingstog over verda er farleg. Den nyliberale verdskapitalismen løfter oss opp, løfter mange opp, men støyter langt fleire ned. Der vi ikkje ser til dagleg. 1500 MST-bønder har mista livet for kulene frå dødskvadronar og politi i eit land der den fyrste globalisering, «oppdaginga av Amerika», førde med seg folkemord som set Europas Holocaust i skuggen. Og da indianarane i Brasil var utsletta, kom den neste økonomiske globalisering: Millionar av slavar vart frakta over havet for å auka profitten i Portugal og Storbritannia. Halvparten fekk ei våt grav på vegen. I kapitalismens «take off». Globaliseringa i kapitalens teneste har ei uhyggeleg historie.

Og i dag? 800 milliardar dollar passerer grensene kvar dag på jakt etter profitt. 800 milliardar dollar. På jakt etter gevinst. Kvar einaste dag. Da dei hadde tvinga asiatiske land i kne og Russland, kom turen til Brasil. Eg var der da det skjedde, da valutaene fall på eit par dagar til vel halvparten. Da brødet vart dyrare i eit land der tretti millionar ikkje har det daglege brød. Og med økonomien på stupet gjekk presidenten med tiggarstaven til USAs såkalla «internasjonale» Pengefond. Og fekk eit lån mot å skjera i budsjettet. Det måtte gå ut over dei fattige. Men så gjorde visst presidenten noko «fornuftig»: Han kalla på megamilliardæren Soros sin direktør for USA-kontoret, fremste tenaren for den største av alle røvarane, han som i si tid knekte pundet og vart ein av verdas rikaste. Denne mannen vart nasjonalbankdirektør. Han kjende sine motspelarar. Men dei fattige i favelaen under mafiaens jernhæl dei lærte leksa enda ein gong: Kapitalisme drep!

Det system og den ideologi som presser offentleg sektor her i vårt land det drep i sør. Kontrastane var sterke mellom dei to møtestadene i Sveits og i Brasil: I Davos var spekulantane vyrdelege menn. I Porto Alegre var dei kriminelle: Når kjem det ein internasjonal domstol for dei, vart det spurt. For det fylgjer meir fattigdom og død etter deira hunertog enn etter krigsherrane på Balkan?

Brasil har enda kunna halda att på Aids-farangen. Ein motig helseminister gjev blaffen i dei multinasjonale legemiddelfirma sine monopolprisar og produserer «kopiar» til tiendedel av prisen. No går førti medisinfirma saman om å få Sør-Afrika dømd til å betala prisar dei fattige ikkje kan betala i eit land der dei fleste er fattige og kvar femte vaksne er smitta. I den kapitalistiske verdsorden er det mogleg. Kapitalisme tillet oss det gode liv, men han er ein drapsmaskin. På ein måte har president Mbeki rett: Det er dei fattige som må døy fyrst.

Medan båla over titusenvis dyreskrottar flammar i den britiske natta så mellomalderens skrekkmaleri av helvete bleiknar, sannar dei mest forstokka at kugalskap er den nyliberale globalisering i matfatet og vi ser at dette berre er ein av dei nyliberale galskapar som kringset jorda.

Nokre trur visst at EU er svaret og løysinga mot den nyliberale verds herjingar. Tanken om å driva Djevelen ut med Beelzebud er like gamal som Den heilage skrift, og like umogleg.

Lenge har vi resignert. Jamvel vi har blitt smitta av den tanken at historia er slutt at kapitalismen er endepunktet på menneskeslekta si reise. Jamvel vi har vore ved å resignera. Tru at vi fekk vera politisk nyttige ved å flikka på det som var realistisk. Jamvel vi som ein gong skipa eit parti og såg mot himmelen har sett ned i jorda og helst valt andre ord enn sosialisme. Det vart liksom litt trongt i halsen.

No anar vi at det snur ikring oss. Statsmenn og storkapital kan ikkje halda eit einaste møte om meir liberalisering utan at rasande demonstrantar fyller gatene, utan at helikopter, panservogner og soldatar må vakta møtedeltakarane. Og det verdsstyret som møtest bak dei væpna linene har ingen legitimitet, fordi demokratiet er fjernt frå desse møta frå WTO, frå Pengefondet, frå Verdsbanken. Fordi den absurde nyliberale verdsordning er til skade og naud og død for dei fleste. Difor veit demonstrantane at det er dei som har legitimitet. Det er dei som har rett. Neste WTO-møte skal haldast aller inst i den arabiske ørken i Qatar. Der er dei kanskje trygge. For der slepp ingen demonstrant inn. Hos ein einveldig sjeik som lever med sitt harem på fortids vis. Medan fleire og fleire ser at ei anna verd er mogleg, nødvendig.

I sine beste stunder har menneske skapt store idear om menneskeverd og solidaritet og nestekjærleik. Det er desse ideane som må vika når pengane kjem fyrst, når den nyliberale dødsmaskina veltar fram. Om Satan finst, må kapitalismen vera hans verkelege triumf. Kapitalismen som valsar ned alle andre verdiar, valsar alle verdiar som løfter menneskelivet og set pengestrevet som den einaste overordna verdi. Og Satan lever så lenge barn svelt, så lenge hav vert tømde, så lenge jord vert øydelagt, så lenge Aids drep, så lenge menneske vert krenkte av arbeidsløyse og fattigdom.

Det er slutt på dei store forteljingane, har vi høyrt, dei om framsteg, om demokrati, om nasjonen. Kanskje det. Kanskje dei raudna ned med det gamle hundreåret. Men vi anar ei ny forteljing. Det fyrste kapitlet vart skrive i Porto Alegre, om framtida for dei som i dag er nede, om dialektikken i historia, om at framtida høyrer dei til som framleis vågar vona vågar kjempa. Det fyrste kapitlet vart skrive i Porto Alegre. Vi skal skriva det neste.